Bourre iđit, hopp og hallo!
Vel, vel, mine gode, morosame vener.
Dette er altså mitt siste reisebrev!
No hoppar eg vidare,
og leiter etter nye eventyr ute på vidda.
Det har vore så fint å bli kjend med dykk.
Eg kjem til å sakne dykk, alle saman.
Men kven veit, kanskje vi møtest igjen ein gong?
Heilt til slutt lurer eg på korleis det gjekk med alle ungane og Cebo.
Kom dei seg trygt heim til slutt?
GOD JUL, mine vener!
Hivas, hopp og farvel!
Ein lang og varm vinterpelsklem
frå dykkar bourre olmmái og reisefølge,
Haren Njoammil
❤












