Hivas, hopp og far vel!

Bourre iđit, hopp og hallo!
Vel, vel, mine gode, morsomme vener.
Dette er altså mitt siste reisebrev!
No hoppar eg vidare,
og leitar etter nye eventyr ute på vidda.

Det har vore så fint å bli kjent med dykk.
Eg kjem til å sakne dykk, alle saman.
Men kven veit, kanskje vi møtes igjen ein gong?

Heilt til slutt lurer eg på korleis det gjekk med alle ungane og Cebo.
Kom dei seg trygt heim til slutt?

GOD JUL, mine vener!
Hivas, hopp og far vel!
Ein lang og varm vinterpelsklem
frå dykkar bourre olmmái og reisefølge,
Haren Njoammil

Snøballkrig!

Hopp og hopp alle saman!
De vil ikkje tru kva som har skjedd!
Eg møtte mine gode vener Inger, Mikkel og Čebo igjen.
Vi hadde snøballkrig mot sjølvaste Čáhcerávga!
Grøss og gru, Čáhcerávga er ganske skummel.
Eg var litt redd, eg kjente at hjartet mitt banka veldig raskt.
Men heldigvis gjekk det bra til slutt.

Eg fekk helse på alle venene til Inger og Mikkel.
Dei var snille og modige, alle som ein.
Og veldig gode på å kaste snøball!
Lurer på kor dei har lært det?

Forresten var ein anna ven av meg med i snøballkrigen, ei ekte skilpadde.
Ho har eg kanskje ikkje fortalt dykk om før?
Skilpadda bur også her ute på vidda,
men eg anar ikkje korleis ho har kome seg hit.
Kanskje de har nokre gode forslag?
Korleis trur de at skilpadda har kome seg heilt ut hit på den kalde vidda?

Vel, vel, vener!
No skal eg og skilpadda spele kort, vri-åtter.
Det er utruleg kjedeleg, for skilpadda er så treig.
Ho brukar ein time berre på å bestemme seg for kva kort ho skal legge ut.
Så eg pleier å spele kabal medan ho tenker.
Det blir nok hyggeleg.
Skal de spele nokre morsomme spel i jula?

Hivas, hopp og far vel
ein lang og varm snøkvit vinterpelsklem
frå dykkar bourre olmmái
Njoammil

Ein song om mine vener!

Vel, vel, vener. Då er det helg!
Skal de gjere noko kjekt i helga?
Eg hoppar avgarde i tunellen.
Lurer sånn på kor den endar …

Medan eg hoppar så syng eg på ein liten sang eg har laga om dykk,
alle mine gode vener over heile landet!
Den går sånn:

Haren hoppar høgt og langt,
mens bjørnen er i dvale.
Haren skriv på reisebrev
Med Bjørnsletta og Dale!

Vågen, Bud og Måseide,
Trudvang, Lommedalen!
Reven helsar alle, mens han
svinsar stolt med halen.

Nøklevann og Tvedestrand,
og Fjordtun, Stjetne, Nesøy!
Den vesle fluga helsar óg,
mens ho tar seks-knes knebøy

Hopp og god helg alle saman!
De skulane som ikkje fekk vere med i songen – eg er sjølvsagt så glad i dykk også.
Kanskje nokon andre klarar å lage vers om dei?

Gler meg til å skrive med dykk igjen, alle som ein.
Ta godt vare på kvarandre.
Hivas, hopp og far vel!
Varm helgepelsklem
frå dykkar bourre olmmái
Haren Njoammil

Kara-Kara-Kara!

Bourre iđit alle mine gode, snille vener.
No har eg skrive reisebrev i mange dagar.
Eg har fått så fine, kloke, morsomme og rare svar frå alle dykk der ute.
Dei siste dagane er det mange som har skrive at dei har heimeskule.
Og 2c på Kampen skule er i karantene!
Kva i alle dagar betyr karantene? Tenkte eg då eg las det.
Først trudde eg det kanskje hadde noko med Haren Karen å gjere.
Haren Karen-tene?
Men nei, det er nok ikkje det.
Så flaug kråka Garjá forbi, og eg spurte om ho visste kva karantene er.
«KRA, KRA!», sa ho. «KARA, KARA, KARA … ntene? Nei, eg anar ikkje kva ka-ra-ka-ra-ntene betyr», sa Garjá.
Då kom Rieban svinsande og svansande forbi.
Eg spurte han kva karantene betyr.
Han såg forferda på meg og sa:
«Kva ran?», sa han. «Kva ran av tenner? Eg har ikkje begått noko RAN AV TENNER! Ran av lykter, jo, det skal eg innrømme. Men kva ran av tenner er det du snakkar om?»

Vel, vel.
Ikkje mange svar å få hos den gjengen!
Eg trur kanskje at karantene og heimeskule handlar om å ikkje vere sammen på skulen.
Det fekk meg til å tenke på noko eg skreiv i eit reisebrev for lenge sidan.
At det er fint at vi kan tenke på kvarandre,
sjølv om vi ikkje er på akkurat same plass heile tida.
Sånn er vi på ein måte på to plassar samtidig!
Akkurat no hoppar eg rundt på vidda,
medan eg tenker på dykk der ute.
På Alfred, Vera, Laura, Aleksander og alle andre som
skriv til meg her i reisebrevet.

Og ein liten hemmeligheit til alle dykk som følger med:
Eg trur eg byrjar å nærme meg enden av tunellen.
Eg syns liksom eg kan kjenne det på meg …

Vel, vel, vener!
Kan ikkje de fortelje meg noko morsomt som har skjedd på alle dei forskjellige plassane de er akkurat no?

Hivas, hopp og far vel!
Ein stor og varm
langt-vekke-frå-klem
dykkar olmmái
Haren Njoammil

Hurra!

Buorre iđit!
Hopp, hopp, hei og hopp!
Eg er så glad.
Inger Mikkel og Čebo har funne venene sine!
Det har mange av dykk fortalt meg her i reisebrevet.
Hurra!


Eg drog straks avgarde til dyrelandsbyen
for å fortelje dei gode nyheitene til dei andre dyra.
Dársi hoppa høgt av glede.
Så høgt at han nesten fekk hofta ut av ledd.
Fluga gav seks high-five med seg sjølv,
ein high five for kvart bein.
Ugla ropte eit høgt gledes-UHU-HU.
Eit så høgt UHU-HU at det blåste ut lyset i alle lyktene som Rieban har stjelt.
Og Rieban, de kan vel gjette kva han gjorde?
Han reiste seg opp og sa stolt:
«Det hadde Inger og Mikkel aaaaaaaldri klart utan mi hjelp!»
For ein dag.

Kva likar de å gjere når de skal feire noko fint som har skjedd?
Ropar de også UHU-HU?

Vel, vel, vener!
Ta godt vare på kvarandre!
Hivas, hopp og FAR VEL!
Ein varm klem frå dykkar
gode olmmái på vidda,
Haren Njoammil

Fleire vener på vidda

HIPP HOPP, SIPP SOPP!
Mine kjære vener!
Veit de kven eg møtte på i dag?
Eg møtte på to andre gode vener av meg: Garjá og Skire!
Dei fortalte at dei hadde møtt på Inger og Mikkel og Čebo.
Puh! Då blei eg glad.

Og no er eg så spent … Kor er Inger, Mikkel og Čebo no?
Det går rykter blant dyra på vidda om at dei nærmar seg venene sine …
Håpar det!

Garjá og Skire er søskenbarn.
Garjá er veldig snill, men kan vere litt nebbete.
Ho er dessutan litt lettlurt,
og blir av og til lurt trill rundt av reven.
Og så er ho ganske rotete.
Garjá ELSKAR peanøtter.
Men berre peanøtter utan salt!
Fuglar tåler ikkje salt så godt, forstår de.

Skire er veldig trufast og snill.
Ho er litt lurare enn Garjá,
og pleier å gi Garjá gode råd,
slik at ho ikkje blir lurt av reven.
Skire ELSKAR alt som er skinande.
Ho flyg rundt og samlar på alt som skin,
og legg det i reiret sitt.
Ho likar å rydde og pynte!
Kanskje ho pynter til jul?

Kva med dykk – er de rotete som Garjá, eller ryddig som Skire?

Og er det kråker og skjærer der de bur?
Pleier de å snakke med dei?
Eller gi dei nøtter utan salt?

Vel, vel, GODE vener!
Kokvarme vinterpelsklemmar
frå dykkar olmmái
Njoammil

Fluge med truge

HOPP!
Gode vener!
Korleis går det?
Skal de gjere noko morsomt i dag?

Eg laga eit lite dikt av noko morsomt som skjedde meg i dag:

Eg møtte på ei fluge
som hadde på seg ei bittelita truge.
Fluga var kry,
men eg sa: Fluge! Du treng ikkje truge, du som kan fly!
Då sa fluga: Joda! Eg treng den likevel,
for eg trakkar rundt med truga på snøfnugga som fell.

Bloggert

Ja, så sånn går dagane her på vidda.
Kan ikkje de lage eit dikt til meg om noko morsomt som de har gjort i det siste?

Og er det nokon som kan fortelje korleis det går med Inger, Mikkel og Čebo?

Vel, vel gode vener.
Nuss og tjohei,
no dreg eg vidare!
Ein varm klem
frå dykkar bourre olmmái
Haren Njoammil

Måneharar

Buorre iđit, hei og hopp gode vener!
Har de hatt ei fin helg?
Det har eg.
I helga låg eg i snøen og såg opp på månen.
Eg lurer på om det bur harar på månen.
Små måneharar som hoppar rundt der oppe.
Kanskje er dei ikkje kvite som snø,
men kvite som måneskinet?
Tenk om eg ein dag klarar å hoppe heilt til månen!
Kanskje neste vinter.
Då er eg eitt år eldre, og kan sikkert hoppe kjempehøgt.
Viss eg reiser til månen lovar eg å sende dykk reisebrev derifrå.

Har de vore på månen nokongong?
Er det måneharar der?

Av og til på vinteren, så hender det at eg saknar sola og sommaren.
Då er det fint å kunne sjå opp på månen som lyser.
For det er jo sola sitt lys som lyser opp månen!
Så vinkar eg opp til månen,
og seier: Hei, hei, måne! Hels til sola og sei at eg gler meg til å sjå ho igjen!

Saknar de sommaren av og til?
Kva er det finaste med vinteren?
Og kva er det finaste med sommaren?

Vel, vel, gode vener!
Håpar de får ein god måndag.
Vent litt … lurer på om måndag har noko med månen å gjere?
Er måndag månedagen?
Håpar det!
Då ynskjer eg dykk ein god månedag alle saman!
Ein varm vinterklem frå
dykkar bourre olmmái,
Njoammil

God helg!

Då er det helg igjen. Ah! Herleg.
Eg hoppar rundt, både over og under bakken.
Gler meg til å fortelje dykk om kva eg har sett!
Håpar de får ei fin helg – kvar einaste ein av dykk snille, gode vener. Det har de fortent!

Bilde haren

Vi snakkast igjen på måndag.

Mange varme vinterpelsklemmar
dykkar olmmái
haren Njoammil

Stolt av ein hale! 

Buorre iđit alle saman!
Takk til alle som har fortalt kor Inger, Mikkel og Čebo er.
Dei har altså møtt Rieban!
Rieban er ein luring og ein skrytepave, men han er snill.
Joika Inger reven sin joik?
Skal eg fortelje dykk kva teksten i reven sin joik handlar om?

På samisk går den sånn: «Riebana go, fiškahalada seibbiin go».
På norsk betyr det: «Reven svinsar og svansar med halen sin»
Reven er veldig stolt av den flotte halen sin!


Er de stolte av halane dykkar?
Eller er det noko anna de er stolte av i dag?
Eg er stolt fordi eg klarte å ta baklengs salto i dag.
Eg datt riktignok pladask i snøen, men det var eit heilt nydeleg pladask!

Lurer på om Inger og Mikkel og Čebo har møtt på fleire dyr i dyrelandsbyen.
Kanskje dei har møtt min ven, den pensjonerte reinen Dársi?
Då fekk dei nok vere med på eventyrkveld.
Har de funne på nokon morsomme eventyr?

Vel, vel, vener!
Det er alltid så fint å skrive med dykk.
Vi snakkast snart igjen!
Mange vinterpelsklemmar frå
dykkar olmmái
Njoammil