Buorre iđit, hei og hopp alle der ute!!
Men … kor er egentlig der ute?
Kor er det egentlig de bur, alle saman?
Under ein stein?
I eit reir på ei grein?
Under ein sopp?
Nedi ein kopp?
Bakom ein sko?
Oppi ein do?
Eg lurer på kor Inger, Mikkel og Čebo er no.
Har de sett dei kanskje?
Vil de fortelje meg kor dei er og korleis det går med dei?

Eg har hoppa rundt i tunellen som den engelske kanina Millibeth gravde.
Eg har enno ikkje funne ut kor den endar.
Den er så lang!
Lurer på kor Millibeth er akkurat no?
Kanskje ho er i London?
Kanskje ho har gravd ein ny, lang tunell der,
og hoppar rundt rett under palasset til Dronning Elizabeth!
Er det ikkje fint at vi kan tenke på kvarandre,
sjølv om vi ikkje er på akkurat same plass heile tida?
Sånn er vi liksom litt på same plass likevel.

Vel, vel, vener!
Håpar de får ein fin dag,
uansett kor de er!
Hivas, hopp og far vel!
Stor mjuk klem
frå dykkar reisande ven,
Haren Njoammil
❤