Flokkdyr 

Buorre iđit, alle der ute! Korleis går det med dykk?  

Eg håper Inger, Mikkel og Čebo møtte på venene mine på vidda, 
reinane i Boazu-ekspressen! Dei er både raske og hjelpsame.  

Min gode ven, den gamle reinen Dársi, pleidde også å springe med Boazu-ekspressen. Men no er han pensjonert. Han lever livets glade dagar, og har fått litt stor mage. 

Er det lenge til de blir pensjonistar? Kva skal de gjere då? 

Veit de forresten at rein har heilt utruleg god luktesans? Dei kan lukte lav som ligg 60 cm under snøen! Sånn veit dei kor dei finn mat, sjølv om det er djup snø.  
Må de også lukte under snøen for å finne mat?  

Rein er flokkdyr. Og veit de kven andre som er flokkdyr? De menneske, vel! Kva trur de det betyr å vere eit flokkdyr?  

Vel, vel, alle mine gode, snille vener der ute.  
Håper de har det bra, og passar på kvarandre. 

Mange varme klemmar frå  
dykkar ven på vidda,  
Njoammil 

God helg!

Hei og hopp kjære vener!
No er det helg!
Nokon skreiv «God helg» til meg i går.
Først trudde eg kanskje at helg var ei type kake.
Heldigvis forklarte dei at helg er det vi kallar laurdag og søndag.
Så i dag er det altså helg! Herleg!
Noko anna dei fortalde,
var at dei har brukt litervis av grønsåpe i duodjitimane i haust.
LITERVIS! Tenk det.
Veit de kva dei har brukt all grønsåpa til? Det har tova sitjeunderlag!
Det var veldig lurt, synest eg.
Sitjeunderlag er jo så fint å ha med seg ut på reise.
Og som de kanskje veit elskar eg å vere på reise.
I helga skal eg hoppe meg ein laaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaang tur ut på vidda.
Skal nokon av dykk ut på tur i helga?
Då må de hugse å ta med sitjeunderlag.
Og kanskje også litt varm kakao?

Haren

Vel, vel, kjære vener!

Buorre vahkkoloahppa!
God helg!
Mange varme klemmar frå
dykkar ven
Haren Njoammil

Nye vener på vidda

Hopp, hopp, hopp alle gode vener!
No har det skjedd noko heilt utruleg,
som eg gler meg til å fortelje dykk.
Høyr berre her:
Eg låg og såg på månelyset ved den velta furua.
Då høyrde eg ei stemme som sa «Halloooo»
Eg snudde meg, og kva fekk eg sjå?
To ungar og ein liten hundekvalp!
Dei sa dei heitte Inger og Mikkel og Čebo, og at dei var vener av Áhkku.
Dei leiter etter venene sine.
Først skjønte eg ingenting, dei spurde meg om eg var ein hare som heiter Karen, som ikkje er ein hare, men ein unge som har kledd seg ut som ein hare!
Merkeleg, tenkte eg.
Men så forklarte dei meg kva dei meinte, at dei leiter etter ungar som er kledd ut som dyr.
Og det høyrest jo ut som dei same som mange av dykk har spurt om her i reisebrevet!
Trur de det er dei same ungane?
Viss det er nokon av dykk som er bekymra for kor ungane har vorte av,
så kan eg fortelje at dei har det bra.
Det har dyra eg kjenner på vidda fortalt meg.

Eg syntest det var fint å vere på reise med Inger og Mikkel og Čebo.
Inger joika min joik, og då vart eg glad.
Mikkel var god å snakke med.
Čebo var mjuk og rask, som meg.
Det verka som om alle tre likte godt å vere på reise.
Men eg trur ikkje dei likte bork så godt.
Likar de å tygge på bork?
Og likar de å kle dykk ut?

Eg håper Inger, Mikkel og Čebo finn venene sine.
Det er mange gode hjelparar her på vidda,
og eg veit at Inger og Mikkel og Čebo er i trygge hender. Og potar. Og klauver. Og vengar. Og … luffar?

Vel, vel, gode vener!
Håper de får ein like fin dag som eg har hatt.
Mange varme reiseklemmar,
frå dykkar ven
Haren Njoammil

Skinande rein?

Buorre iđit kjære vener!
I dag har eg noko heilt utruleg å fortelje dykk!

Eg hoppa forbi eit hus i den vesle bygda, og der var det nokon vaksne som ropte:
«Fram med grønsåpa! Julevasken er det viktigaste med jula! I år skal kvar krik og krok bli skinande rein!»
Då eg høyrde det vart eg så forbausa at eg nesten datt i bakken,
«Kvar krik og krok skal bli skinande rein»!?
Kan dei vaksne trylle? Skal dei forvandle kvar krik og krok til ein SKINANDE REIN?
Til ein rein av gull og sølv?
Det høyrest jo heilt fantastisk ut.
Min ven, den pensjonerte reinen,
han er i alle fall ikkje ein skinande rein.
Han er ganske så grå og rufsete.
Kanskje eg skal be dei vaksne i bygda om å trylle han om til ein skinande rein?

Noko anna eg lurer på er …
Kva er eigentleg ein krik?
Og kva gjer den saman med ein krok?

Og forresten, kva skal dei vaksne bruke grøn såpe til?
Det høyrest jo ut som noko som gjer ting grønt.
Det burde ho dama med alle juletrea få høyre om i alle fall!

Vel, vel, kjære vener!
Det er altså så kjekt å snakke med dykk. Håper de har det fint alle saman.
No skal eg hoppe meg ein tur i måneskinet.
Det blir deilig!

Hivas, hopp og farvel
dykkar ven,
Njoammil

Konkurranse

Buorre iđit mine gode vener!
Har de ein fin dag? Og natt?
Det har eg.
Eg har hoppa rundt på vidda og i skogen.
Under den lysande månen, i den kalde snøen.
Eg har også hatt ein konkurranse med ei ugle.
Ugla sa til meg at ho hadde kjempebra syn.
Så då sa eg til ho at eg har kjempebra høyrsel.
Då sa ugla: «Eg veddar på at eg kan sjå lenger enn du kan høyre».
«Neppe» sa eg.
Så difor bestemde vi oss for å konkurrere.
Ei lita fluge hjelpte oss.
Reglane var enkle: Fluga skulle flyge av garde, heilt til enten ugla ikkje kunne sjå ho lenger, eller til eg ikkje kunne høyre summinga hennar lenger.
Det vart uavgjort!
Ugla mista fluga av syne akkurat samstundes som eg ikkje kunne høyre ho lenger.
Stakkars fluga, då ho kom tilbake var ho heilt utsliten, ho hadde jo floge kjempelangt!
Ho fekk liggje og slappe av litt i pelsen oppå hovudet mitt. Mellom dei to superøyra! Eg kunne høyre ho snorke. Zum-zum-zum, sånn snorka ho.

Haren_3
Kva med dykk? Har de noko de er flinke til?
Og likar de å konkurrere?

Hivas, hopp og farvel!
Ein stor og varm Njoammil-klem til dykk alle.

Juletrepuss

Hopp!
Hei!
Hallo!
Haren Njoammil her igjen!

Håper de har det bra alle saman?

I går var eg på 1.desember-fest hos den gamle reinen.
Det var så morosamt.
Dei andre dyra kunne ikkje tru sine eigne øyre då eg fortalde om peparkaker, som de har lært meg at det heiter.
Reinen er pensjonert og elskar å fortelje eventyr.
Likar de også å fortelje eventyr?

Vil de forresten høyre kva eg såg i dag i den vesle bygda?
Eg såg ei dame som stod og pussa på eit juletre med ein tannbørste!

Kvifor gjorde ho det?
Er det for at trea ikkje skal få hòl i tennene?
Eg visste ikkje at tre kan få hòl i tennene.
Og viss dei får hòl i tennene, må dei då til … gran-legen?

Etterpå hoppa eg forbi eit hus, og ut av vindauget på huset kom det den nydelegaste lukt av peparkaker … Lurer på kven som bur der?

Vel, vel, kjære vener!
Eg gler meg til å snakke meir med dykk!
Hivas, hopp og farvel
helsing dykkar ven, Njoammil

Første desember

Hei og hopp gode vener!

I dag er det første desember! Hurra!
Tusen takk til dykk som lærte meg om første desember når de svarte på mitt førre reisebrev. Har de gjort noko fint på den første desember?

Eg har vore ved den vesle bygda igjen. Det bur ei gamal dame der, som pleier å legge ut litt mat til meg i skogkanten. Áhkku heiter ho, og ho er kjempesnill.
I dag kom ho med nokre rare små kaker. Dei var heilt flate, brune og forma som hjarte!

Áhkku sa at dei heitte … Teppekaker? Dei var jo flate som eit teppe, men eg trur ikkje det var det det heitte. Kanskje det var kveppekaker? Nei … Eg kvapp ikkje så veldig av dei, så det var neppe kveppekaker dei heitte. Neppekaker? Nei … Neppe neppekaker. Leppekaker? Nei … Kva var det dei heitte? Steppekaker? Det trur eg det var! For dei smakte så godt at eg begynte å steppe!
Har de smakt steppekaker før?

Eg såg forresten noko merkeleg i dag også.
Det var ein lærar med raudt hår og skjegg som gjekk rundt i gata og snakka med seg sjølv.
«The show must go on», sa han til seg sjølv.
Veit de kva det betyr?
Og så gjekk han også og snakka om eventyret om Márjá og dyra.
Det eventyret kjenner eg til, for det har ein gamal rein fortalt meg.
Men veit de kva læraren sa? Han sa at det skulle vere med ein Čáhcerávga i eventyret!
Eg visste ikkje at Čáhcerávga var med i det eventyret.
Kjenner de til eventyret om Márjá og dyra?

Vel, vel!
No må eg hoppe vidare!
Eg skal til den gamle reinen faktisk. Han har invitert til 1. desember-fest!

Hivas, hopp og farvel!
Venleg helsing
Dykkar ven og reisefølge,
Haren Njoammil

NJOAMMIL SITT REISEBREV

Hei og hopp! Jeg er haren Njoammil! Og jeg elsker å være på reise. 

Når jeg opplever noe på reisen min, så skriver jeg det her i reisebrevet. 

Jeg hopper rundt på vidda, i skogen, under bakken – ja, over alt! 

Jeg pleier også å hoppe i utkanten av en liten bygd. 

Der bor det mange store og små mennesker. 

De er ganske rare. 

I dag løp alle rundt og ropte: Nå er det ikke lenge til første desember! 

«Hva i alle dager skal det bety?» Tenkte jeg.
Hva er første desember? 

Er det kanskje en person som er helt fantastisk, 

siden alle venter sånn på at han skal komme? 

Eller er kanskje Første Desember noen som har vunnet en førstepremie, 

og så skal de i bygda feire førstepremien om ikke lenge? 

Jeg aner ikke. 

Vet dere hva første desember er?

Vel, vel, gode venner! Nå hopper jeg videre! 

Jeg gleder meg til å sende mange brev til dere!

Hivas, hopp og far vel! 

Hjertelig hilsen 

Haren Njoammil