Hei og hopp kjære vener!
No er det helg!
Nokon skreiv «God helg» til meg i går.
Først trudde eg kanskje at helg var ei type kake.
Heldigvis forklarte dei at helg er det vi kallar laurdag og søndag.
Så i dag er det altså helg! Herleg!
Noko anna dei fortalde,
var at dei har brukt litervis av grønsåpe i duodjitimane i haust.
LITERVIS! Tenk det.
Veit de kva dei har brukt all grønsåpa til? Det har tova sitjeunderlag!
Det var veldig lurt, synest eg.
Sitjeunderlag er jo så fint å ha med seg ut på reise.
Og som de kanskje veit elskar eg å vere på reise.
I helga skal eg hoppe meg ein laaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaang tur ut på vidda.
Skal nokon av dykk ut på tur i helga?
Då må de hugse å ta med sitjeunderlag.
Og kanskje også litt varm kakao?

Vel, vel, kjære vener!
Buorre vahkkoloahppa!
God helg!
Mange varme klemmar frå
dykkar ven
Haren Njoammil
❤

hei eg elskar deg kordan går det med deg ?
Hei og hopp til deg!
Det var hyggeleg å høyre! Med meg går det fint. Eg koser meg i den laaaaange tunellen min. Korleis går det med deg då?
Eg håpar du har ein fin advent!❣️
Julekos frå Njoammil🐰
Gøy
Det er gøy å hoppe. Kan du hoppe som en hare? Hihi 🐰🥕
Kor bur du Njoammil?
Hei på deg!
Eg bur litt her og litt her, og liker å flytte på meg. Eg lagar meg gjerne ei grop i snøen eller søv under tre og busker.
Helsing frå Njoammil 🐰🥕