Flokkdyr 

Buorre iđit, alle der ute! Korleis går det med dykk?  

Eg håper Inger, Mikkel og Čebo møtte på venene mine på vidda, 
reinane i Boazu-ekspressen! Dei er både raske og hjelpsame.  

Min gode ven, den gamle reinen Dársi, pleidde også å springe med Boazu-ekspressen. Men no er han pensjonert. Han lever livets glade dagar, og har fått litt stor mage. 

Er det lenge til de blir pensjonistar? Kva skal de gjere då? 

Veit de forresten at rein har heilt utruleg god luktesans? Dei kan lukte lav som ligg 60 cm under snøen! Sånn veit dei kor dei finn mat, sjølv om det er djup snø.  
Må de også lukte under snøen for å finne mat?  

Rein er flokkdyr. Og veit de kven andre som er flokkdyr? De menneske, vel! Kva trur de det betyr å vere eit flokkdyr?  

Vel, vel, alle mine gode, snille vener der ute.  
Håper de har det bra, og passar på kvarandre. 

Mange varme klemmar frå  
dykkar ven på vidda,  
Njoammil 

23 kommentarer om “Flokkdyr ”

    1. Hei og hopp! 🙂

      Flaks at du elsker jula akkurat når det er jul!

      Så morsomt du teller! Jeg har lært å telle sånn her: 1 2 3 4 5 6 7

      Hivas! Stor og myk klem fra din reisende venn, Haren Njoammil! 🐰💛🤗🥕

  1. HEI! 🙂

    Det er kjempelenge til vi bli pensjonistar! Vi vil sitte i ein stol, og sjå på TV, kanskje vi må ete litt mat og lese litt bøker. Noken av dei i klassa har også lyst å spele playstation.

    Vi slepp heldigvis å lukte på snøen for å finne mat! Vi kan kjøpe det vi vil på butikken.

    Helsing 3B på Solevåg skule 🙂

    1. HEI og hopp, 3B på Solevåg skule!🩷

      Det høyrest veldig avslappande ut! Men kva er playstation?
      Eg håpar eg kan hoppe like høgt når eg blir pensjonist.

      Kanskje de vil prøve å lukte på snøen etter mat. Tenk viss de finn noko godt!

      Julekos frå Njoammil 🐰🥕

      1. Playstation er ein ting som er kobla opp på tv, der man kan kontrollere ein person/figur til å gjer ulike ting. Vi har veldig lyst til å møte deg, går det ann? 🙂

      2. Takk for forklaring! De er så snille med meg.
        Det høyrest litt skummelt ut å kontrollere nokon! Kan ein få dei til å hoppe høgt som ein hare?

        Eg vil så klart gjerne møte dykk! Er de ofte på vidda her i nord?

        Julekos frå Njoammil! 🐰💛🥕

  2. Hei💝 Hjerte❤️ her det er ikkje sikkert at du hugsa mei, men ej huska sefølgelig dei.

    Ej sa at du kunne hoppe TUSEN TAKK i snøen eller skrive det å en lapp til den hyggelige kona, håper hun ble glad.

    Hyggelig at du møtte Inger og Mikkel, då såg vi dei i julekalenderen, så du kom på TV.🤗

    Inger, Mikkel og Cebo møtte rein flokken ja, og dei blei god venn med den lille rein ungen han var bare to år, og var den nyaste i flokken. Man kan sjå kor gamle reiner er med og telle taggane på geviret.🦌

    Rein er flokkdyr som du sa ja, og det er mennesker også, å være flokkdyr betyr at man holder sammen i flokk og ikkje er åleine.

    Inger har sin egen joik, også du siden du er en hare og alle harer har en felles joik, men desverre he ikkje Mikkel en joik så ej håpa at han en dag får det.

    Mikkel og Inger er jammen tøffe som går heil aleine ut på vidda, heldigvis har dei med Cebo og får god hjelp av dei og alle dei andre vennene dine. Det er veldig koselig at dei går ut på egenhand for og finne vennene sine, det er jo litt mystisk at barn berre plutselig forsvinner.😯

    Uansett håper at du får en strålenes dag videre.🥰

    MED VENNELIG HILSEN 💕HJERTE❤️

    1. Hei igjen ❤️HJERTE❤️

      Så klart eg hugsar deg! Du gir jo meg så gode tips.

      Det var ei fin forklaring du hadde av det å vere flokkdyr. Eg fekk litt lyst til å vere flokkdyr eg òg!
      Det er vel derfor Mikkel og Inger er så tøffe på vidda, fordi dei er ein flokk❤️

      Og heilt einig i det du skriv. Det hadde vore så koseleg om Mikkel også ein dag fekk sin eigen joik.

      Håpar du har ein kjempefin dag, kjære HJERTE!

      Helsing din ven
      Njoammil🐰🥕

  3. Hei og hopp Njoammil 🙂

    ⭐ Stjerne ⭐her!

    Det er bra at du har Boazu Ekspresen som kan hjelpe deg og andre de er vel bra med hjelp og få.

    Det er heilt utruleg at Rein kan lukkte 60cm undre snøen det viste eg ikkje så da har eg lært noko nytt.

    Heldeg vis så slipper eg og leite etter mat i snøen slik som reinen eg trur at reinen har litt bedre luktesans en meg så det er vel meininga at dei skal finne maten langt under snøen, Har du god luktesans.

    Det er Bra at Darsi har det bra eg tipper på at han var ein utmerket bra medlem

    av Boazu Ekspresen med raske bein og god luktesans.

    Eg er berre 12år så det er ei god stod til eg er pensjonist, men når eg blir det skal eg nyte livet med familie og ro.

    Har du tenkt på kva du vil når du blir pensjonist?

    Hade bra helsing ⭐Stjerne⭐

    1. Hei ⭐Stjerne⭐

      Eg er heilt einig! Det er så fint når vi dyr kan hjelpe kvarandre. 💖

      Ikkje for å skryte, men eg har skikkeleg god luktesans. Akkurat som reinen så bruker eg den til å finne mat. Og dersom det er dyr på vidda som har lyst til å ete meg, så kan eg faktisk LUKTE dei før eg ser eller høyrer dei.

      Veit du, når eg blir pensjonist vil eg også berre nyte livet, kanskje med en engelsk kanin eller med venene mine.

      Juleklem frå Njoammil 🐰🥕

  4. God morgen Njoammil ❤️😊 med meg går det fin, deg då?

    Mikkel og Inger møtte bouazu ekspressen og fikk sitte på eit godt stykke innover Vidda. Men so måtte dei gå av fordi reinstyra skulle vidare og hente noken andre.

    Ja det er mange år til eg blir pensjonist, og når eg blir pensjonist vil eg reise litt og vere med familien min.

    Eg trur flokkdyr er dyr som lever i flokk.

    Helsing OHJ❤️❤️😊😊

    1. Hei på deg OHJ❤️

      Så koseleg å høyre frå deg. Det går fint med meg også. Eg er veldig spent på korleis det kjem til å gå vidare med våre vener på vidda.

      Det høyrest ut ut som du har fine planar for når du blir pensjonist. Kor vil du reise? Kanskje ein tur langt nord?

      Julehelsing frå Njoammil 🐰🥕

  5. Hei Njaommil. Mari her. Det går bra med meg😊 Korleis går det med deg?

    Eg håper at det går bra med Inger, Mikkel og Čebo. No er dei jo aleine på vidda.

    Det var bra at Inger, Mikkel og Čebo fikk hjelp av Boazu-ekspressen.

    Det er ganske mange år til eg blir pensjonert, er er jo bere 12år.

    Eg må ikkje grave for å finne mat. Vi har noko som heiter ein butikk, det er son at man har med pengar og so byttar man pengane med den maten eller tingen som du vil kjøpe.

    Eg trur at å vere flokkdyr betyr at man lever sammen i ein flokk.

    Hilsen Mari🩷

    1. Hei Mari🩷

      Takk for at du skriv til meg. Det gjer meg hoppande glad!
      Det går fint med meg. Sjølv om akkurat no skulle eg ønskje at eg også var eit flokkdyr. Det må vere så trygt og fint.
      Og håpar også at det går bra med Inger, Mikkel og Čebo. Det er bra at dei også er ein flokk.

      Så spennande det var høyre om butikk. Det betyr at nokon andre grev fram maten, og tar den til butikken? Så byter ein pengar mot maten?

      Liker du å vere flokkdyr?

      Juleklem frå Njoammil 🐰🥕

  6. Hei Njoammil,

    Når vi blir pensjonister skal vi ligge mye på sofaen og være sammen med familien. Hva skal du gjøre når du blir pensjonist?

    Vet du hvor ungene ble av? Det lurer vi veldig på. Og vet du hvorfor det var trefigurer ute i snøen da de forsvant? Vi håper alle kommer tilrette.

    Beste hilsener fra 3A på Kampen skole i Stavanger.

    1. Kjære venner i 3A på Kampen skole,

      det høres ut som om dere kan glede dere til å bli pensjonister! Kanskje jeg kan ligge litt på sofaen med dere når jeg blir pensjonist?

      Jeg vet ikke hvor ungene er, dessverre. Men jeg håper og tror de kommer til rette igjen. ❤ Og ikke vet jeg noe om trefigurene heller! Hva tror dere?

      Mange varme klemmar fra deres venn på vidda, Njoammil! 🐰💛🤗🥕

Legg igjen et svar til Njoammil :) Avbryt svar